Samnangerrennet 2021 utsettes

Det er for lite snø til å arrangere skirenn i Totræna vinterpark. Løypene er valsa ned med snøskoter og rulle, snøen var våt når me rulla ned snøen og er no frose til is. Det må komme eit lag med nysnø før ein kan preppa med trakkemaskin. Difor er det ikkje brukbare skiforhold i dag.

Rennet er ikkje avlyst, men utsatt til laurdag 23. januar. Rennet går i klassisk stil og vert arrangert som tidligare annonsert. Sjå renninvasjonen.

Lik oss på facebook