Arrangementer
Vær med på moroa i Totræna Vinterpark!
Me har arrangement både for små og store. Alle er velkomne til å delta. Sjekk ut vår terminliste og vær med oss
Samnangerrenet
Blir arrangert kvart år, som regel i januar. Rennet går i fristil og trekk til seg opp rundt 200 deltakarar frå heile Hordaland.
Vinterkarusellen
Samnanger Langrenn arrangerer karusellrenn for alle aldersgrupper gjennom heile vinteren.
Telenorkarusellen
Skileik for born med spennande utfordingar i løypa. Her er det om å gjera å ha det kjekt på ski og nyta sosialt samvær.
Trening/kurs
Vil du bli ein betre skiløpar eller læra meir teknikk? I tillegg til faste treningsdagar for barn arrangerer me årlege kurs.
Påmelding & avgift
Alle som ønsjer å bli med på arrangement må melda seg på digitalt på forhånd. Då brukar arrangørene kortare tid like før start, og unngår også mykje folk i og rundt tidtakarbua.
For å melda seg på må ein ha brukar på min idrett (Kvart barn må ha eigen brukar.) Der administrerer man påmelding på renna. Man vil kunne søke renna opp når dei er klare for påmelding.
Ta kontakt om de treng veiledning.
Personar som ikkje er medlem av Samnanger IL må betala ein avgift kr. 50.- for å bli med på karusellrenn.