Anlegg & parkering

Alt du trenger å vite om Totræna Vinterpark

OM totræna

Totræna Vinterpark ligg langs veien mot Kvittingen i Samnanger Kommune, og tar omlag 50 minutter å kjøre til fra Bergen sentrum. Området ligg på 350 moh. I eit relativt snøsikkert område.

Det er fleire sløyfer der den lengste runden er på 5,4km. Runden på 3,3km er lysløype, lysa blir slått av kl.23.00 automatisk. Det er ellers runder på 2,5 km og 1.1 km.

Turløypa: Er ein avstikkar ute i 5 km. sløyfa, denne er ca. 2 km. Lang og går nedover mot Myra/Fitjavatn, same veg tilbake.

Stadion ligg på eit platå og løypene er kuperte. Samnanger IL Langrenn driftar og preparerer anlegget.

Parkering

Stor parkeringsplass rett ved Stadion. Parkeringsavgift 80,-, merk betaling med bil nr. og vipps til: 127398 eller betal med kontantar i parkerings bu på plassen. 

Man kan og kjøpa årskort for 900,- Kontonr: 3530 20 76462, merk betaling med ditt fulle namn. Me sender i posten eller leverer til deg.

NB! parkeringsavgifta også gjeld langs vegen opp til anlegget, og på «den gamle» parkeringa som ligg før noverande parkering. 

På fine solskinnsdagar der utfarten er stor blir parkeringsplassen fort full. Me ber derfor alle parkere hensiktsmessig for å få plass til flest mogleg.

Varmestova

Me har ei koseleg lita varmestova. Denne er open for alle, og her kan man nyta nista si om været ikkje er på sitt beste eller berre å varma seg. På dagar med arrangement har me kiosk i varmestova med sal av vaflar, kaffe og anna godt.

Smørebu

Me kallar det dette, då me sidan oppstarten har nytta denne til å smørja ski. Her er benkar å sitja på og oppheng for klede/sekk. Her finn du og lysbrytar for lysa i løypenettet. Og treng du varma klistertuben ligg hårfønaren klar. Det heng rumpeakebrett for utlån her.

Hjertestartar

Før sesongen 22/23 fekk me hjertestartar fra Ida Eide Minnefond. Startaren er lokalisert inne i varmestova ved stadion. Info om bruk av hjertestartar finn du her

Bålpanne

Me har bålpanne som kan nyttast, me prøvar å ha denne ute så langt det lar seg gjera, spesielt i periodar med fint vær og lite nedbør. Denne står ved hoppbakken, på toppen av akebakken. Ta med ved sjølv. 

UTEDASS

Ja, du les riktig! Me har utedass, med nye dører for sesongen (hipp hurra) Denne finn du på stadion ved smørebua.

Køyrereglar/INFO

For at flest mogleg skal kunna nytta anlegget på ein trygg og forsvarleg måte ber me alle om å fylgja løyperetninga i løypa. Det er stadar i løypa med lite sikt, derfor må alle gå riktig veg i løypa. Føl skilt.

Vegbeskriving frå Bergen

Før du startar på oppstigninga til Kvamskogen, ta til venstre mot Kvitingen(det er og skilta til Totræna Vinterpark i dette krysset)

Følg vegen forbi kraftverket(ca. 3 km) til du møter skilt mot Totræna. (ikkje følg skilt til idrettsanlegg) Følg ein bratt og smal veg opp til parkeringsplassen. Siste del av vegen kan vera noko utsett ved glatt føre. Kjør til endes på denne vegen.

Se kart og last ned rute på GodTur.no.

Utlån av anlegg

Me leiger gjerne ut anlegget til andre klubbar eller andre som ynskjer å ha arrangement hos oss.

Om klubbar ynskjer å ha trening i anlegget med større grupper er de sjølvsagt velkomne til det, men det er flott om dykk tar kontakt med oss på forhånd, slik at det ikkje kjem i konflikt med noko arrangement.

Ta kontakt for meir informasjon.